|
Elevråd - 2009/2010.jpg)
Her vil du finne referat frå årets elevrådsmøter.
29.09.09 tej...
Juleball 2009

Vi er no midtvinters og har lagt jula bak oss for lenge sidan.
Her er ein del bilete frå
juleballet i desember.
Hockey i salen..jpg)
Det
vart
juleturnering for
ungdomsskulen i 2008 også.
20.12.08.tej
Stivpynta ungdommar på ball
.jpg)
Her kan du
sjå og lese frå juleballet 2008
14.12.08..tej
Kulturdag i Eidsdal
Bjørnsund - veke 20 2008
8. klasse har den førre veka vore på leirskule på
Bjørnsund. Det vart ei svært kjekk veke som etterlet mange inntrykk hjå
alle. Vi fekk mykje krabber og sei, ei brosme, 4 skater/rokker, 2
rognkallar, ei lita kveite og mykje meir. I tillegg fikk vi mange
illsinte måke-mammaer etter oss, vi fikk lære å ro, vi fikk sjå Ergan
kystfort, vi "fikk" sove lite og vi fikk sjekka om der var kjekke
gutar/jenter frå Ringsaker kommune (og det var det ;-) ). Einaste
strek i rekninga var at det var for kaldt til å kunne bade i sjøen -
uten å fryse i hel.
Vi vil elles nytte høvet til å takke alle som jobba
ved leirskulen for at dei gjorde veka til ei oppleving for livet. Dersom
du vil sjå bilder så finn du dette på
Bjørnsund leirskule sine sider.
19.05.08 pjn
Ivrige livreddarar
Kva gjer du om du møter ein situasjon der det står om
liv?

10. klasse fikk i dag drille livredning.
Mellom anna fikk dei lære kontroll av pust/puls, ringe hjelp,
hjerte/lungeredning og stabilt sideleie.
Interessa i gruppa for å lære om dette var imponerande.
...29.01 tej
Juleturnering i landhockey.
Tradisjonen tru arrangerte 10. klasse også i år
landhockeyturnering for ungdomsskulen siste skuledagen før jul.
Dei overlykkelige vinnarane av årets turnering heiter "Nils Johans" og "Royal
girls". Dei får nok ei frydefull jul.
På denne
sida kan du finne både bilete (mørke riktignok) og resultatliste.

20.12.07tej
Juleball
Fredag 14. des. arrangerte 10. klasse juleball for
ungdomssteget. Det vart ein svært stilig kveld med mykje gallakledd
ungdom tilstades.
Etter eit betre måltid var det lett underhaldning med
"Beat for Beat light", dans, singstar, guitar-hero mm. Som vanleg
var det også lagt opp til fotografering av dei stilige unge. Nokre
av dei lekre bileta kan du sjå
her. Resten
finn du på O-stasjonen lokalt på skulen.
...17.12.07 pjn/tej
Leit fram skøytene dine!
Det har dei siste dagane blitt laga skøyteis på asfalten
bak samfunnshuset.

Den er no klar til bruk, så da er det berre for
deg å få leita fram skøytene og kome deg ut på glattisen.
Isen er
open for alle etter skuletid.
Actionbilete
frå dag 2 med is.
... 07.01.08 pjn/tej
Valldal Open i sjakk.
17. desember gikk juleturneringa Valldal Open for 9.klasse av
stabelen. Erfaringane frå sjakk er svært ulike i klassa. Nokre kan knapt
reglane, mens andre til og med har vore medlem av sjakklubb!!! Sjølv om
nivået varierte var alle svært konsentrert.
Her kan du sjå årets vinnarar.
Fleire
bilete.
...18.12.07tej
Operasjon Dagsverk 2007
Det er nok ein gong klart for Operasjon Dagsverk for
elevane på ungdomssteget. Elevane våre skal da ut for å gjere eit
dagsverk til inntekt for
årets prosjekt fredag 26. oktober. Dei fleste har no fått seg
arbeid, men nokre få manglar enda ein arbeidsgivar for dagen. Vi håper
at du tek kontakt dersom du er ein av dei som kan stille på med
arbeidsoppgåver til ein eller fleire av våre elevar.
...24.10.07 pjn
Her
er vinnarane
av Gründercamp 2007. John Andreas, Robert, Per Gunnar, Inger Line og
Anne Kristin. Juryen hadde vanskar med å finne fram til ein vinnar
fordi alle gruppene hadde gjort eit svært godt arbeid.
Grynderane som gjekk av med 1. premien hadde teke føre seg
vidareutvikling av Kraftmuseet i Tafjord. Du vil etterkvart finne
meir om dette og om dei ulike prosjekta elevane arbeidde med desse
dagane. Gründercamp 2007 er gjennomført i samarbeid med
Fjordhagen
og Ungt entreprenørskap. Du finn meir informasjon om dette
her (pdf). Du vil elles
finne stoff om denne veka på sidene til
Fjordhagen,
Tafjord
Kraft (gå inn i nyheitsarkivet) og
Storfjordnytt.
...20.09.07 pjn
|