Bedriftsbesøk på TK
9. klasse vart også i år inviterte til å besøke Kraftbedrifta Tafjord.
Fredag 6.juni vart vi tekne godt i mot på kraftverksmuseet av Gunnar Aspehjell
og Frank Iversen. Dei informerte om bedrifta dei jobbar i, og la ikkje skjul på
at dei håper på at nokre av våra elever ein dag vil søkje seg jobb der. Det er
visst vanskar med å få tilsett godt kvalifiserte folk.
Etter ein videosekvens og ein tur rundt i museet, vart vi kjørt vidare framover
i dalen. Der venta eit besøk på kraftstasjon 2 (K2) og ein matbit. Med "high
tech" lydsystem i ørene og hjelm på hovudet vart vi trygt guida gjennom
stasjonen.
Til slutt fekk vi oppleve TK`s stoltheit, Sacariasdammen, som med sine 96
høgdemeter imponerte mange.
09.06.08 tej