Arbeidsveka 2008

9.klasse gjennomfører i desse dagar arbeidsveka 2008.
Arbeidsveka er ein del av programfag for val og skal vere med å hjelpe elevane til å gjere gode skule og yrkesval.
I fem dagar får dei prøve ut eit eller fleire yrke under rettleiing  av vaksne.  I år er dei spreidd heilt frå Oslo til Levanger, men dei aller fleste har fått seg arbeid i Norddal eller i nabokommuna Stranda.
Her er årets arbeidsplassar: høvleri, blomsterbutikk, dyrlege, SFO/skule, hotellkjøkken, verskstad, elbutikk, barnehage, bibliotek, avis, kraftselskap, hotell, institusjonskjøkken, FDV Norddal kommune, Kraftsenteret, arbeidsstova VTS, næringshage.

Vi er svært glade for at elevane blir tekne så godt imot på dei ulike arbeidsplassane.

Her er eit lite utval av elevar.......

Tor Erik

 

Lars Erik på Valldal høvleri.

Han mellom anna vore i Ålesund å henta material. Har laga material klart til utkjøyring. I tillegg har han satt på plass varer i butikken.....

John Andreas på kjøkkenet på VTS.

Han har fått laga mat, servert og vaska opp, i tillegg til andre typisk kjøkkenarbeid.

Malen på kraftsenteret og arbeidsstova på VTS.

Har mellom anna laga pyntegjenstandar til kraftsenteret. På biletet er ho i sving med forslagskasse. På arbeidsstova hjelper ho til med måltid, er bingohjelp og trillar dei eldre.

Eivind på Valldal bilsenter.

Han løyser dekk frå felgar, ryddar, reparerar og overhalar både bilar , ein motorsykkel og ein plenklippar. Spesielt har arbeidet med denne sykkelen vore interessant.

Birgitte og Per Gunnar på Fjordhagen.

Jobbar med eit prosjekt om korleis ein skal få ungdom interessert i entreprenørskap. Dei har også lært mykje om kva ein næringshage er. Praktisk "vaktmeisterarbeid" har det også blitt.

Anne Kristin på helseavdelinga på Muritunet.

Har fått mykje ansvar. Ho har leia og planlagt bassenggruppe, vore med på fysioterapibehandlingar, observert og delteke på kondistrening i gymsal, vore med på leddgikt og hoftebehandling, avspenningstrening og stavgang.

Anna Elise på kjøkkenet på Muritunet.

Har vore oppteken av å bake kake, vaska opp, laga mat og hjelpt til ved frokost og lunsjbordet.

Lise på SFO og skulen

Ho trivast godt og har hatt det kjempegøy. Har mellom anna laga skodespel, hjelp til med lekser, leika mykje og baka pizza. Ho har også vore med på ein artig skogstur.

Simon Andre og Lars Olav på Storfjordnytt

Årets to journalistar! Dei har intervjua og teke bilete av ulike folk. Mellom anna har dei intervjua Morten prest om konfirmasjon.Dei synes det har vore ei kjekk og lærerik veke

Karoline W. og Lisabeth på Syltebøen barnehage

Dei har fått prøve seg på alle slags oppgåver, alt frå bleieskift til leik. Dei trivast bra, alt dei har vore med på har vore kjekt. Artig å vere mykje ute.Karoline harhatt fast arbeidstid frå 08.00 - 16.00, mens Lisabeth har hatt ulike vaktar. Begge to kan tenkje seg eit liknande arbeid i framtida.

Stian på FDV i Norddal kommune.

Har vore med på mykje rart denne veka. Arbeidet har vore litt variert, mellom anna har han klipt plen og måla veggar her på skulen. Han har vore i Eidsdal, i Tafjord, på Linge og på Grønning. Ein slik jobb kunne han kanskje tenke seg seinare også.