Stivpynta ungdom på ball

Fredag 12.desember inviterte 10. klasse på stilfullt juleball i kantina. Så mange som 90 elevar møtte opp. Dei fleste var elevar ved Valldal skule, men mange hadde teke turen frå både Stordal, Eidsdal og Dalsbygda. Til og med frå Stranda og Geiranger kom det ungdom.
Etter velkomstdrinken var det klart for middag og julebrus. Før dei forlet borda vart det også tid til ein quiz. Litt seinare vart det "Bit for Bit" konkurranse med "Live" band. Etter dansen stod kåringane for tur. Det vart kåra både prins, prinsesse, dronning, konge og danseløve.
 

14.12.08..tej