Småskulesteget

Startside
Skulerute
SFO
Småskulen
Mellomsteget
Ungdomsskulen
Betre vurdering
Lenker
Kabaret 2009
Arkiv

 

 

                                                                                                 

Skulefrokost og kokebok! På fredag var 4. klasse på Valldal Skule så heldige å få servert nydeleg frokost av helselaget. Kirsten Sunde, Borghild Ruset og Nina Grøndahl kom tidleg på morgonen og hadde alt klart til skulestart. Vi fekk ferske rundstykker, brødskiver og knekkebrød og mykje sunt pålegg. Elevane åt dugeleg og fekk også høyre litt om kor viktig det er med god frukost. I klassen er det mange små kokkar, og no var dei så heldige at dei fekk seg kvar si lita kokebok. Klassen har også vore med på hoppetaukonkurranse i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen, så no må dei vel bli sunne og friske! Tusen takk for godt tiltak!

.

 

Fuglekasser
Her ser du bilete frå 4. klasse som bygde fuglekasser, tysdag 20. april. Ivrige ungar var i sving saman med hjelpsam vaksne, t.d. besteforeldre.

.


Nye 1. klassingar

Dei som skal byrje i 1. klasse til hausten, har no starta med å gjere seg litt kjent på skulen. Her ser vi bilete frå ein av besøksdagane på skulen, der dei fekk leike seg i lag med dei noverande 1. klassingane.

.

Hjarter for Haiti

Vi hadde ein fin skidag på Omenås fredag den 26. januar. Vi gjekk på ski i grupper og lærte forskjellege skiteknikkar. Vi aka i akebakken og bygde snøhole. Nokre av elevane og vaksne steikte vaflar. Pengane skulle gå til born på Haiti. Vi fekk inn 2375 kroner som vi gir til Redd Barna.           Helsing 1-4 klasse ved Valldal Skule

.

Kaldt ute, kjekt inne!

I det siste har vi hatt fleire dagar med minus 15 og isande vind rundt Valldal Skule. Men det er ikkje vanskeleg å finne på noko å gjere inne i friminutta. Ein kan teikne, gjere oppgåver på data, strikke, lese, spele spel eller bygge dei flottaste byggverk. Her ser vi litt av byggeaktiviteten.

.

Strikking i 4 klasse

.

 

4 klasse song på Trygdeheimen

Fredag 11. desember var 4 klasse på turne og hadde først julekonsert på Sjukeavdelinga. Deretter  kledde dei seg ut og song litt frå Hakkebakkeskogen på Trygdeavdelinga, men avslutta også her med julesongar. Dei 24 elevane syntest det var kjekt å opptre, og publikum såg også ut til å like seg og ynskte oss velkomne igjen.

.

 

Tur på skytebana

Onsdag 4. november gjekk 1 og 2 klasse fram til leirduebana. Det var ein kald, men veldig fin dag. Elevane kosa seg med nista si i den flotte grind-løa som er sett opp ved skytebana, og etterpå utforska dei terrenget. Nokre leita etter leirduer, nokre sprang om kapp, det var i det heile mykje aktivitet. Litt skulearbeid blei det også tid til, der elevane fekk i oppgåve å samle ulike gjenstandar som dei så skulle lage noko av. Pinnebrøddeig med sukker og kanel på blei til gode kanelsnurrar.        05.11.09.togr

.

 

Ein nydeleg dag på Murigrandane

Refleksmarsj

 

Refleksvestar til 1 klasse

Jon Tommy Flo frå Stranda og Norddal lensmannskontor var på skulen og delte ut refleksvestar til 1 klassingane. Samtidig fekk vi både repetere og lære nye ting om korleis vi skal oppføre oss i trafikken. Nokre viktige ting vi må hugse på er:

  • bruke refleksvest når vi er ute og går

  • gå på venstre sida av vegen der det ikkje er gangveg

  • sjå oss godt om før vi kryssar vegen

  • bruke hjelm når vi syklar

  • bruke bilbelte

Vi fekk vere med ut og sjå på politibilen, og fekk oppleve både blålys og sirener. Heilt til slutt teikna vi litt av kvart :)

 

Frukt og bær på Muri

1 klasse var så heldige at vi fekk kome å plukke frukt og bær på Muri, akkurat i passe gåavstand til skulen. Det regna ein del denne dagen, då var det kjekt at vi fekk kome under tak når vi åt nista vår. Vi smaka på og plukka eple, plommer og blåbær, og det var kjempegodt. Noko av frukta tok vi med til skulen. Av den skal vi lage god mat og kose oss.

.

 

Tur til Fjørå

Onsdag 16. september hadde 3 og 4 klasse turdag. 38 spreke elevar gjekk frå skulen, gjennom tunellen og til Vika. Vi hadde refleksvestar og lykter. Så gjekk vi opp bergsida til Ruset og vidare til Selboskar. Der inviterte Evy alle inn på bollar og saft - det smakte godt! Det gjekk raskt nedover bakkane til gamleskulen, der besøkte vi barnehagen. Det var ein kjekk tur!

.

 

Tur til Eidsdal for 1 og 2 klasse

Onsdag 6 september reiste 1 og 2 klasse over fjorden for å sjå og høyre på ei utstilling på Eidsdal Skule. Ungane fekk reise med både buss og ferje. Utstillinga vi fekk sjå heiter "Ny norsk nynorsk", og var ein lydinstallasjon som tok utgangspunkt i lyrikk for barn. Ungane fekk høyre både diktlesing, musikk og spennande lydar. Vi var så heldige å få låne romma til SFO og småskulen til å ete maten vår, så vi sender ei stor takk til Eidsdal Skule for det!

.

 

Frukost til 4 klassingane

Valldal Helselag markerte hjerteveka med ulike aktivitetar. Onsdag 6 mai var dei på skulen og serverte frukost til 4 klassingane. Det var godt motteke blant elevane, og dei forsynte seg godt med grovt brød og rundstykke, omelett og mykje anna godt pålegg. Elevane fekk kvar si kokebok, med 33 spennande oppskrifter som dei kan prøve sjølve.

 

Animasjonsverkstad

5-9. mars hadde alle 4. klassingane i kommunen animasjonsverkstad. Dette er eit tilbod for dei minste i Fylket sitt Kulturlaug. Her møtte dei filmskapar Kine Aune med medhjelparar som viste animasjonsfilm for elevane og lærarane. Ho lærte bort enkle animasjonsteknikkar som er grunnlaget for å lage animasjonsfilm. Elevane laga flippbok, lærte ulike filmtriks og laga animasjonsfilm der figurane var laga av papp og leire. Etterkvart som dagane gjekk vart vi og godt kjende med kvarandre på begge sider av fjorden, og vi hadde nokre fine dagar saman.

 

 


Ivrig leik og bygging i snøen


Temadag om Samane

Onsdag 4 januar hadde småskulen temadag om samane. Først på dagen hadde vi stasjonar inne, med fargelegging, eventyr, potetskrelling og norsk og mattegruppe. Vi hadde også ei songstund, og der var stemninga høg når elevane song "Oro jaska beana". Etter mat var alle ute, då fekk dei prøve seg på lassokasting, natursti, sage ved og brenne bål. Det blei også ein liten matbit før skuledagen var over; potetstappe og joika-kaker.

 

Skidag på Omenås

Fredag 30 januar var det skidag for 1-4 klasse. Elevane hadde teknikk trening, skirenn og ei økt i akebakken. Vi var så heldige å få låne klubbhuset slik at vi fekk ha matpause inne, og det var mykje godt å sjå i matboksane denne dagen. Det var ein vellukka dag med mykje aktivitet, og glade ungar.

 

Klokka tolv, kjem eit troll...

3.klasse har hatt troll-tema siste vekene. Dei har laga eventyrbok der dei har dikta og teikna til. Det vart mange spanande historier. Dei har også laga troll i formingstimane, og her ser du nokre av dei.

 

 Førstehjelp i 4 klasse

4 klasse lærer no om kroppen sine reaksjonar. Kvifor reagerer vi som vi gjer når ting skjer, og korleis virkar dette inn på kroppen vår? Kva er viktig for at vi skal halde oss friske og opplagde? Korleis reagerer kroppen og kva gjer vi om vi skadar oss? No har vi trena på å bandasjere kvarandre, og laga trekanttørkle/fatle for å halde armen i ro. her ser du nokre bilete av korleis det såg ut.

 

Leselystaksjonen

Fredag 28 november, hadde småskulen ei lita markering på musikkrommet som avslutning på årets Leselystaksjon. Mange elevar hadde vore flinke å lese heime, og nokre hadde også skrive bokmeldingar. Alle elevane har også vore flinke til å lese og kose seg med bøker på skulen. Alle elevane fekk diplom for innsatsen sin i Leselystaksjonen, og dei fekk også kose seg med ein film denne dagen. Sjølv om leselystaksjonen no er over for i år, håper vi at alle held fram med å lese bøker både heime og på skulen!

 

Mykje godt av eple

 

Poteter og leik

Også denne onsdagen, 2 oktober, var 1. klasse ute på tur. Denne dagen skulle alle få prøve seg som potet-plukkarar. Nokon hadde gjort dette før, medan andre hadde mindre erfaring. Alle viste likevel stor iver rundt plukkinga, og sjølv om vi blei litt skitne var det ei kjekk erfaring. Det blei også tid til ein del leik, og det var mykje spennande å sjå på rundt omkring på garden. Det blei også tid til å grille litt pølser innimellom all leikinga, og det var ein gjeng skitne, men glade, ungar som reiste heim den dagen.

 potet

potet

Kunstutstilling

3. klasse har hatt eit prosjekt der dei har arbeidd med temaet Sommarfugl. Vi har laga sommarfuglar av gamalt julepapir, vi har bretta og klipt ut symmetriske sommarfuglar som vi så dekorerte og farga fint. Desse brukte vi seinare som mønster og brukte silkemåling som teknikk. Sjølvsagt har vi også måla med vassfargar, og vi laga små, fargerike sommarfuglar i cernitleire. Desse vart steikte i steikovnen og fekk ein magnet på baksida slik at dei kan henge til pynt på kjøleskapet. Elevane skreiv også dikt og gåter om temaet. Produkta er no utstillt i gangen på Rådhuset, og alle bør ta seg ein tur og sjå på dei fine sommarfuglane!

 

 

Tur til Linge
Onsdag 17. september var 1. og 2. klasse på tur til Linge. Målet var maisåkeren til Signe Brenna, men vi rakk også å gjere mykje anna spennande undervegs. Frida inviterte alle til å ete matpakkane sine i hagen sin, og maten smakte godt i sola. Deretter gjekk turen innom huset til Eskil, der vi hadde ein kjekk leikepause. Siste stopp var maisåkeren til Signe, og der fekk alle prøve å plukke kvar sin maiskolbe. Alle elevane fekk med seg smaksprøve heim. Etter å ha gått langt, var det kjekt at vi fekk ta buss tilbake til skulen.

...18.09.08 togr

              

            

Klassefest i 3. klasse
Elevane hadde sett saman programmet sjølve, og vore ivrige etter å øve slik at det skulle bli best mogleg. Alle i klassa var med på scena i ulike roller. Dei dramatiserte "Prinsessa som ingen kunne målbinde", las opp vers og små dikt, sang, dansa og turna. Elevane var veldig dyktige, og dei syntest det var kjekt med applaus etterpå. Det vart også servert gode kaker og drikke. Her kan du sjå bilete frå festen.
 

...05.06.08 kkhz

4. klasse på utedag
Onsdag 21. mai hadde 4 klasse utedag, og temaet for dagen var steinalder. Vi gjekk fram til Brekkesletta på Døving, der elevane først fekk teste kunnskapane sine om steinalderen. Elevane jobba godt i lag i grupper, og det var mange rette svar som blei levert inn. Etterpå fekk dei prøve seg på å lage pil og boge. Innsatsen var god også her, og det var mange som greidde å skyte langt.

Vi kosa oss ute i fineveret med nistepakkane våre, maten smakte kanskje ekstra godt denne dagen.

Etter pausen fekk elevane leike seg fritt. Nokre leikte at dei var steinaldermenneske på jakt, nokre trena på å skyte med pil og boge, og nokre prøvde å lage ting av stein. Det blei også laga ein del flotte helleristningar. Dagen etter skaut elevane på blink med pil og boge.

...29.05.08kkhz

Glade og aktive elevar på Omenås
Siste skuledag før vinterferien var småskulen på skidag. Omlag 60 elevar boltra seg i løyper og i akebakken. Dagen starta med skitrening for alle. Elevane fekk prøve seg på diagonalgang, staking, skøyting, gå fiskebein og renne slalom. Her var det utfordringar på alle nivå.
Etter lunsj fekk dei øve meir i skiløypa eller renne i akebakken. Vi hadde ein flott dag, kjempefint skiføre og mange foreldre/besteforeldre med oss. Tusen takk til VIL som lånte oss heile klubbhuset. Her kan du sjå bilete frå turen.

14.02.08...kkhz

Rakettoppskyting på Valldal skule!
2. klasse har lært om verdsrommet. Dei har undra seg over soler, stjerner, månar, planetar og rakettar. På onsdag fekk dei prøve seg på rakettoppskyting. Vaktmeister Sveinung Ytterli stilte opp medan elevane tok nedteljinga på engelsk. Og jammen vart det to vellukka oppskytingar, og fallskjermar som falda seg flott ut ved landing. Og det var sjølvsagt mange som ville hjelpe til med å finne dei igjen. Men det var litt skummelt. Kan dei eksplodere?

04.02.08,,,tej

Vinterleik
Skøyteisen har vore populær i byrjinga av det nye året. Nokre prøver seg for første gong, så det vert knall og fall! - men flott aktivitet.
14.01.08...tej

 

Juleverkstad 2007 - for 1.og 2.klasse
Vi hadde ein heil dag berre med juleaktivitetar, og det var sjølvsagt full  innsats på alle dei 46 elevane. Vi baka julemenn og peparkaker, laga englar, nissebilete, glasbrikker, klokkestreng og julekort. Heldigvis kom det innom ein del både foreldre og besteforeldre som hjelpte til og kosa seg saman med oss. Her kan de sjå litt av aktivitetane.

 

Besøk i grisefjøset
Onsdag 19. september var 2. klasse ved skulen på besøk i Lingåsen. I forkant av besøket hadde elevane laga spørsmål til Petter Lingaas som dei skulle besøke.

Fakta om grisen:
Bonden har gris for å tene pengar. Grisen ligg på mjuk og tørr sag-mask. Grisen rullar seg i søla for å kjøle seg ned. Grisen et kraft-for. Grisen gryntar. Ho-grisen heitr purke. Purka har 14 spener.
Ho kan få opp-til 15 grisungar. Grisungen drikk mjølk frå mora. Petter får 70 purker for året som føder i fjøsen hans. Dei er i fjøsen hans 4-5 veker etter at dei har fått ungar. Då vert dei sendt heim att. Petter har 120 små grisungar og 120 litt større. Her er bilde frå turen.


..20.09.07 kkhz

 


Linkar:
-
Gruble.net
-
Matemania.no