Offentlege høyringar

På denne sida vil det bli lagt ut informasjon om planarbeid i Norddal kommune. Her vil du finne informasjon om overordna planarbeid som pågår, planar som er ute på høyring samt ferdig vedtekne planar. Oversikten er under utarbeiding.

 

Innspel
til planane kan sendast på epost til:
post@norddal.kommune.no

eller sendast per post til
Norddal kommune, Postboks 144, 6211 Valldal

Norddal kommune varslar oppstart av planarbeid for endring av reguleringsplan for Sylte kyrkjegard.
Innspel til planarbeidet kan sendast til post@norddal.kommune.no innan 28.08.2019.

 
 

Planavgrensing, kart (PDF, 3 MB)

Planavgrensing, ortofoto (PDF, 4 MB)

Oppstart av privat detaljreguleringsplan til kloster på Syltefjellet

Etter plan- og bygningslova § 12-3 og § 12-8 vert det gjort kjent at det er starta opp privat detaljreguleringsarbeid for gnr/bnr 29/3 med fleire på Syltefjellet, Fjørå i Norddal kommune. Tomta er tenkt nytta til stegvis utvikling av eit kloster. Innanfor planområdet vil det leggast til rette for vegtilkomst frå Solbergvegen, parkering og sti til Valldal. Merknader kan sendast til oddhild.fausa@wsp.com innan 12.08.2019.

 

 

Norddal kommune har vedtatt å leggje reguleringsplanforslaget ut til offenteg ettersyn, med merknad om at gangbru over elva må innarbeidast i planforslaget. I tillegg er det bedt spesifikt om innspel frå fylkeskommune og fylkesmann om råd for å unngå konflikt mellom landbruk og bustadfelt, og vist til moglege endringar i krav til branntryggleik for campingplassar. Planforslaget legg opp til bustader, fritidsbustader og område for camping på vestsida av Valldal.

Etter plan- og bygningslova, § 12-8 vert det gjort kjent at det er starta opp privat detaljreguleringsarbeid for del av gbnr. 20/4 med flere i Norddal kommune.  Merknader vert å sende til  bjorn@proess.no innan 23.06.18.

 

Det er lyst ut ein ny søknadsrunde for tilskot til breibandsutbygging i kommunar som har dårleg breibandsdekning. Eitt av krava for å kunne søkje støtte frå ordninga er at utbyggingsplanane skal vere ute til høyring. Alle innbyggjarar, organisasjonar og bedrifter blir med dette inviterte til å kome med innspel til områda det er planlagt å søkje om støtte til i årets søknadsrunde i Norddal kommune.