Framside

Internasjonal "veke"

internajsonal dag hjerte - Klikk for stort bilete Måndag og tysdag denne veka har elevane på ungdomssteget ulike aktivitetar i samband med internasjonal "veke".

Dei har høyrt på foredrag, sett filmar og hatt refleksjonsøvingar. Alt dette for å lære om Operasjon Dagsverk sitt prosjekt i år; "Du har ikke et liv uten frihet til å leve". I går kveld, måndag 22. oktober, arrangerte også skulekomitèen palestinsk kafè til inntekt for prosjektet. Ei triveleg stund med god mat. Takk til gode hjelparar.

Torsdag 1. november skal elevane ut i arbeid til inntekt for prosjektet. Dersom nokon har jobb til dei som endå ikkje har skaffa seg jobb, er det berre å ta kontakt med skulekomitèen v/leiar Isac Indreeide (mob. 46 86 19 84). Minstepris for dagsverket er kr. 300,-.