Framside

"Hele Norge rydder"

Klikk for stort bileteOgså elevane i 1. - 7. klasse  

På Valldal skule har vi hatt som praksis i mange år å rydde søppel i nærmiljøet. Dette for å gjere det finare og reinare rundt oss. I tillegg gjere oss meir bevisste på miljø. Vi har oftast lagt dette til dagane før 17. mai. I år set vi det i samband med aksjonen "Hele Norge rydder".

5. klasse starta allereie måndag 30. april. Dei samla og rydda Bedringens veg og sjøkanten nedanfor Valldal Fjordhotell og Muritunet mot badestranda. Som bildet viser fann dei mykje på sin veg. Mykje plast, sa dei. I tillegg var dei forundra over at folk kastar frå seg drikkeboksar og flasker, både halvfulle og uopna.

Småskulen skal rydde i området rundt skulen 15. mai. 6. og 7. klasse ryddar på sjøve ryddedagen, torsdag 3. mai.