Nyheitsarkiv

"Foreldremagi" - temakveld

fau - Klikk for stort bilete Fau ved Valldal skule inviterer foreldre/føresette til temakveld onsdag 31. oktober kl. 18.45.

Psykolog og familieterapeut Hedvig Montgomery kjem til Valldal 31. oktober. Ho vil halde eit foredrag til foreldre/føresette og tilsette ved skulane og barnehagane i Valldal, Eidsdal, Norddal og Stordal. Start klokka 18.45 i Martin Linge-huset. 

Ho vil ta opp spørsmål som; Korleis får du eit lykkeleg barn? Korleis skaper du sjølvtillit? Korleis kan ein førebu barnet på sorga som ein gong vil kome? Kor sint er det eigentleg lov å verte? Kva er dei vanlegste feila foreldra gjer? Kva er eigentleg det viktigaste du som forelder gjer den tida barnet er barn? 

 Enkel servering. Vel møtt!