Nyheitsarkiv

Bokslukerprisen 2019

bok - Klikk for stort bilete 6. klasse på Valldal skule er valt ut som ei av ti klasser til å vere juryklasse.

Foreningen ! les har mange ulike prosjekt på gang innan lesing og leselyst. Dette både for barne-, ungdom- og vidaregåande skule.

6. klasse er med på Bokslukerprisen - prosjektet for barneskulen.

Elevane har i haust lese utdrag frå ti nye norske barne- og ungdomsbøker, i ulike sjangrar. Desse har no blitt til fem bøker etter at klasser over heile landet har valt ut desse som dei dei likar best. Ti juryklasser i Norge skal framover lese desse fem bøkene frå perm til perm.
Vår 6. klasse er så heldige å ha blitt plukka ut til å vere juryklasse. 

På Verdas bokdag, 24. april 2019, skal prisen for beste bok delast ut i Oslo. Då får lærar og to elevar reise å vere med på utdelinga. Vi planlegg med at alle skal reise, om vi får det til saman med foreldre og sponsorar.

Dette blir spennande!