Nyheitsarkiv

"Å kome heim" - Kabaret 2018

hjerte.jpg - Klikk for stort bilete Fredag 16. og laurdag 17. februar presenterer ungdomsskuleelevane Kabaret for 18. gong. Fredag med start klokka 19.00 og laurdag ein time før, klokka 18.00.

"Å kome heim" er eit tema det er lett å relatere seg til og som vekker sterke kjensler. Vi har plukka ut musikk og artistar som har skrive tekstar som handlar om å kome heim, enten bokstaveleg eller meir billedleg.
Kva som gjer at folk kjenner seg heime varierer frå person til person. For nokon kan det vere rundt eit bord med nære venner medan for andre kan ein tur i skog og mark verke som balsam for sjela. Viktige stikkord er trivsel, tryggleik og identitet. 

Det vert førehandssal av billettar på Bunnpris og Spar fredag 9.2. og tysdag 13.2, begge stadar mellom kl. 15.00 og 17.00. KUN KONTANT betaling. Pris kr. 50,-, for barn (til og med 15 år) vaksne kr. 200,-. Sjå elles etter plakatar og annonse i SN.

Sist endra 06.02.2018