Mellomsteget
 
 

Startside
Skulerute
SFO
Småskulen
Mellomsteget
Ungdomsskulen
Betre vurdering
Lenker
Kabaret 2009
Arkiv

 

Nyttige linkar:

- Gruble.net
- Matemania
- Stairs

  "Bygg og bo" i fuglekasser
.
..27.04.2010 kkhz

Korslaget
Etter flott initiativ frå 7. klasse vart det onsdag arrangert "Korslag" på mellomsteget. Eit kjekt innslag i kvardagen både for elevar og vaksne, deltakarar som publikum. Juryen var samansett av 4 lærarar frå småskulesteget. Dei hadde ei svært utfordrande oppgåve med å kåre vinnaren,  Under ser de flotte bilete frå arrangementet. Kan kanskje vere på sin plass å forklare litt nærare. "Team Elvis", 5. klasse, "team Dolly" (Parton), 6. klasse og "team Michael Jackson", 7. klasse.                 ..10.02.2010 kkhz
.

"Tidt eg minnest ein gammal gard"
Under kan de sjå fleire bilete frå prosjektet vi hadde i veke 47 og 48. I løpet av vekene var elevane på busstur rundt bygdene, hadde besøk utanfrå skulen, arbeidde med temaet og avslutta med open dag der dei presenterte arbeidet sitt. På open dag møtte mange fram, noko som var veldig kjekt for både elevar og vaksne på skulen.                       ..30.11.09 kkhz  

 

.

 

 

Meir "hula"             21.10.09 kkhz

 

.

 

 

Berdalssetra

Måndag 14. september var klassane på mellomsteget på tur til Berdalssetra. det var flott ver, alle elevane var flinke og kom seg opp på sætra. Dei raskaste gjekk frå vasskummen til setra på 25 min! På setra kosa vi oss med drikke og niste. Nokre elevar plukka blåbær, medan andre skravla. Vi leika "boksen går" og "gje eit lite vink". Det var utruleg godt å få vere ute med sol og god utsikt. Turen ned gjekk fort, dei raskaste sprang ned til vasskummen på 6 min. Det blei ein del gnagsår, men vi håper at alle likevel har eit godt minne frå turen.          ..16.09.09 kkhz

 

.


Litt meir paneldebatt
Elevane viste på ein suveren måte at dei har sett seg inn i val og politikk i det siste.
5. og 6. klassingane stilte flotte spørsmål til t.d. både "Jens, Siv og Erna".
Elevane viste at dei har lært mykje og ga uttrykk for at dette var ein artig måte å lære på.     
..11.09.09 kkhz

 

.

         

Vikingdag 
Her kan du sjå fleire bilete frå vikingdagen f
redag 4. sept.  6. klasse var dei heldige som hadde besøk. Det var ein kjempekjekk dag!                      ...04.09.09 kkhz

.

        

 

Husprosjekt - kunst & handverk/norsk

Siste månadane har mellomsteget iherdig arbeidd med eit husprosjekt i faga norsk og kunst & handverk, 2 timar i veka. Dei har laga husteikningar, saga, spikra og måla, laga historier om familiane som bur i husa og laga papirdokker av familiemedlemmane.

Under kan de sjå bilete frå prosjektet undervegs. Bilete frå dei ferdige husa kjem. Det vil elles bli utstilling på mellomsteget fredag 19. juni i samband med opning av ballbingen.

 

                                                                                                                                                             ...08.06.09 kkhz

 

Dobbeltklikk for å legge til fotografier

 

Dokketeater på timeplanen

Sidan vi starta skuleåret i haust har klassane på mellomsteget jobba med dokketeater. Klassane har vore blanda 2 siste timane fredagane og vi har brukt  norsk og kunst og handverkstimar til prosjektet.

Elevane har ivrig laga eigne uttrykksfulle dokker til karakterane som vi kjenner att frå eventyra; "Tyrihans, Oskeladden og dei gode hjelparane, Snøkvit, Geitekillingen, Dei tre mostrene, og Keiserens nye klær."
I tillegg til å lage dokker har elevane lese manus, skrive replikkar, øvd inn replikkar og laga scenetepper, rekvisittar og kulisser. Mykje, mykje arbeid!

Prosjektet har blitt intensivert no i veke 8 for så å bli ferdig og avslutta med framsyningar. Vi har, så og seie, lagt ut på "teaterturnè" med framsyningar ikkje berre her på skulen og Syltebøen barnehage, men også over fjorden til Eidsdal skule og Dalsbygda skule og barnehage.
Som oppsummering må vi seie at dokketeateret vart svært vellukka og at vi har hatt innmari ivrige og flinke elevar. Sjå nokre flotte bilete under.   

 

                                                                                                                                                                      ...19.02.09 kkhz


Dobbeltklikk for å legge til fotografier

 

 

Besøk av ambulansen og politiet

På mellomsteget har vi denne veka jobba ein del med viktige hjelparar i samfunnet. Vi var så heldige å få Harald, Bente og Hillevi på besøk med ambulansen og politiet kom frå kontoret på Stranda. Elevane hadde laga flotte spørsmål om ting dei lurer. Desse spørsmåla stilte dei sjølve, på ein fin måte.
Det er godt å vite at hjelpa er nær om noko hender - og kanskje er det også elevar som no har fått lyst til å utdanne seg innan desse yrka.

Dobbeltklikk for å legge til fotografier


5. klasse i snøen

Dobbeltklikk for å legge til fotografier

 

 

Kulturdag 2008
Tysdag 28. oktober møttest ca. 80 elevar frå 5. -7. klasse her på Valldal skule, frå alle 3 skulane i kommunen. Det var ein fin, arbeidssam og kjekk gjeng som denne dagen fekk gjere litt andre ting enn på ein vanleg skuledag. Aktivitetane varierte frå friluftsliv til origami, bildebehandling, nålefilting og tresløyd. Vi var godt hjelpte av flinke instruktørar, både eigne og utanfrå. T.d hadde vi besøk frå Friluftsrådet, ein utvekslingsstudent frå Japan og Einar Waldal. I matpausen fekk vi i tillegg god hjelp frå 3 Valldalsdamer; Rønnaug, Bjørg og Astrid. Dei hjalp oss med servering av graut som vi hadde bestilt frå Muritunet. Bilete frå dagen vil kome HER.



..30.10.08 kkhz

 

"Open dag"
Her er ein del bilete frå dagen;

...06.06.08 kkhz

Tradisjonsmatveka    

Tradisjonsmatveke vart halde på Valldal skule i veke 20. Dette var i regi av Prosjektet Matglede og Matmangfald.
Tema var flatbrødbaking og brennsnut.

Alle klassene som ville, kunne få prøve seg på å bake flatbrød. Tysdag 13. mai var det flatbrødbaking. Heile dagen vart brukt til dette, og vi laga til eit stort bakstebord i kantineområdet. 9.klasse var assistentlærarar i flatbrødbaking for lavare klasser. Dei var veldig flinke. Det vart mange elevar som var innom. Det var ein triveleg bakstedag.

Vi laga også brennsnut til fredagslunsjen. Elevar frå 9.klasse skar opp grønsaker som skulle i brennsnuten. 6. klasse skar opp resten på sine timar på kjøkkenet. Dei laga ferdig alle indgridiensane som skulle oppi slik at det var klart til å blande saman og koke opp på fredag.'

Lunsjen på fredag smakte godt! Det var gode tilbakemeldingar på at alle åt mykje brennsnut, og sjølvbaka flatbrød!

Dette var siste fredagslunsjen i dette skuleåret! Vi får sjå kva det blir til neste år!
 

...mai08kkhz

Dobbeltklikk for å legge til fotografier

 

Hoppetaudagen fredag 25. april

HER kan du lese meir og sjå bilete frå dagen.

...30.04.08kkhz

"Korleis fungerer ein motor?"

I 6. klasse stod det om bensinmotorar i læreboka. For å forklare dette stilte Bjarne villig opp på kort varsel. Alle elevane fekk innføring i korleis ein bil ser ut under panseret og korleis ein bensinmotor fungerer.

...21.02.08 kkhz

"Brann-besøk"
Torsdag 24. januar kom brannsjefen, i kommunen, og det interkommunale brannvesenet på besøk til 6. klasse. Skuleborna fekk instruksar om korleis dei skulle unngå brann og kva dei skulle gjere dersom det begynte å brenne. Nesten alle fekk prøve å slokke med pulverapparat.

...28.01.08 kkhz

Dobbeltklikk for å legge til fotografier

 

Godt nytt år!
Så er januar her og jule-/og nyttårsfeiring er vel overstått.
På mellomsteget er vi i full gang att. Eit par ting er vel verdt å nemne på heimesida.
No i veke 3 fekk vi nye matematikkbøker i hus, for 5., 6. og 7. klasse. Desse vert tatt i bruk allereie no. Læreverket heiter "Grunntal" og tilfredstiller måla i Kunnskapsløftet.
Ved å klikke på http://www.grunntall.no/IE/,  kan de finne meir om læreverket, for dei som vil sjå og vite litt meir.
I kunst-/og handverksfaget har alle klassane starta med "design" som tema,  spennande og utfordrande.

...16.01.08 kkhz


Kulturdag i Eidsdal
7. november, 2007, var elevane på mellomsteget over fjorden på kulturdag. Dette er eit årleg arrangement i kommunen. Annakvart år arrangerer vi på Valldal skule , enten for mellomsteget eller ungdomssteget. I år var vi i Eidsdal og ungdomsskuleelevane her på skulen. Kulturdagen er eit flott tiltak som inviterer til annleis kreativitet og samhandling mellom skulane og elevane. Under kan de sjå nokre bilete frå dagen.

...10.11.07 kkhz