Aktiv veke med hoppetau

Gjennom Nasjonalforeningen for
folkehelsen sin hoppetaukonkurranse Petter Puls, har ca. 70 elevar, 4.-7. klasse
ved
Valldal skule, vore med. Vi har tatt del saman med nesten 90 000 andre elevar
over heile landet.
Elevane har hoppa aktivt og
variert i friminutt og i delar av timar, frå oppstarten 14. april til og med
fredag 25. april.
då det heile vart avslutta.
Denne fredagen toppa vi med fleire konkurransar, både lag-/og individuelt.
7. klasse vart den klassa som hoppa lengst som lag, tett følgt av 4. klassingane
på ein flott 2. plass.
Anita Ringseth, frå 7. klasse,
vann den individuelle konkurransen.
Helselaga frå Fjørå og Valldal
var saman med oss denne dagen, representert av Ellinor Ruset og Vigdis Valdal.
Damene delte ut premiar frå helselaga etter at konkurransane var ferdige.
Dette var hovudsakleg pengepremiar som gjekk til klassane sine klassekasser.
1. plass; 1000 kr.; 7. klasse
2. plass; 700 kr; 4. klasse
3. plass; 500 kr; 5. klasse
4. plass; 300 kr; 6. klasse
Anita Ringseth beste elev –
hoppa ein mot ein (mot Lene Vikene og Marie Lovise Hoel)
Ho fekk mageveske frå helselaga.
Det vart også registrert total
hopping gjennom dei 2 vekene konkurransen gjekk føre seg.
Her vart 5. klasse beste klasse,
medan 7., 6, og 4. klasse kom på dei neste plassane.
Desse resultata skal sendast inn til Nasjonalforeningen som skal premiere beste
klasse i landet.
Så, vi får håpe vi ligg bra an.
...30.04.08kkhz
Bilete frå dagen;