|
Innskriving av nye 1. klassingar
Torsdag 25. mars vert det innskriving av nye 1.
klassingar som skal ta til på Valldal skule frå hausten, skuleåret
2010/2011. Vel møtt frå klokka 10.00-12.00.
.09.03.10 kkhz
Kurskveld/foreldremøte om matematikk
Tysdag 23. mars, 18.00-20.30, inviterer vi foreldre
med elevar i 1. -7. klasse til ein kveld om og med matematikk.
Kurshaldar er Henrik Kirkegaard, lærar ved Flisnes barneskule i
Ålesund. Han er utdanna i Danmark, har jobba der i 13 år i tillegg
til mange år her i Noreg. Kirkegaard er også knytt til Nasjonalt
senter for matematikk i opplæringa ved NTNU i Trondheim. Han har
halde mange kurs og verkstadar blant anna knytt til LAMIS
(landslaget for matematikk i skolen. Sist, men ikkje minst er han
medforfattar av læreboka "Multi" som småskulen nyttar. Vi håper
på godt oppmøte og at kvelden vert til motivasjon og hjelp både for
foreldre og lærarar. Vel møtt alle!
.09.03.10 kkhz
Korslaget
Onsdag var klassane på mellomsteget i aksjon med Korslaget. Dei
framførte 3 flotte sangar kvar. Engasjementet før og under
arrangementet var enormt bra. Småskuleelevane var flott publikum. På
biletet ser De klassa som gjekk av med sigeren; 7. klasse. På sidene
til mellomsteget finn de meir frå korslaget, også
fleire bilete,
.10.02.10 kkhz
"Jobb
for Haiti"
Siste 2 vekene har elevane på mellomsteget jobba for å få inn
pengar til dei jordskjelvramma på Haiti. Til saman har dei
jobba inn vel 12.000 kroner. Ein suverent flott jobb av
elevane våre. Elevane, med elevrådet i spissen, har bestemt
at pengane skal kome Unicef sitt humanitære hjelpearbeid på
Haiti til gode.
..09.02.10 kkhz
Hjarter for Haiti
Småskulen hadde skidag på Omenås fredag 26
januar. Veret var strålande, løypene flotte og ungane var aktive. I
tillegg til skigåing, hadde elevane innsamling til inntekt for
Haiti. Her kan du sjå bilete
frå dagen.
..09.02.10
togr
Nytt
søknadsskjema sfo for skuleåret
2010/-11 ligg no på sfo sine sider
..03.02.10 kkhz
Norge rundt - Kabaret 2010
Ungdomsskulelevane
er no i ferd med å setje opp nok ein kabaret, og dagane
deira er prega av mykje øving. Som vanleg ser det ut til at
det blir topp kvalitet på framsyninga, så difor er det berre
for deg å setje av fredag 19, og/eller laurdag 20
februar til å sjå på kabareten "Norge Rundt". Framsyningane
startar klokka 19.00 begge kveldane.

..03.02.10 pjn
Trangt, trangare, trangast
Ombygginga av
ungdomsskulebygget er no komen så langt at alle klassene på
ungdomssteget har flytta ut av sine opprinnelege klasserom.
8. klasse er no plasserte i veslesalen på samfunnshuset, 9.
klasse har fått plass på skulekjøkkenet medan 10. klasse har
fått plass på musikkrommet. Dette betyr at det no knappast
finst ledig plass på skulen til ekstraundervisning,
kabaret-øving og liknande. Situasjonen er no langt frå
ideell for elevar og personale, men den som ventar på noko
betre toler det meste.
..03.02.10 pjn
Excel
Rekneark står på planen til 5. klasse no. Dei samarbeider, lagar
formlar, trykker på enter og vips så kjem svaret av seg
sjølv. Nesten som trylleri.
..21.01.10 kkhz
Strikking i 4 klasse
Vi skulle ha strikkeprosjekt i 4. klasse og
spurde om hjelp frå foreldre og besteforeldre.
Dei stilte opp, slik at alle 24 elevane lærte å strikke. No skal det
bli pulsvarmarar, skjerf og panneband. Her kan
du sjå bilete.
..15.01.10 togr
Hockeyfeber.jpg)
Så er juleturneringa i landhockey unnagjort.
Vinnarane av jenteklassa vart "Emo`s", medan guteklassa vart vunne
av "Babewatch". Beste kostyme gikk til "The Geeks", som du også ser
på bildet.
Her
er fleire bilete.
..22.12.09tej
Bilde frå julefesten
Her finn de nokre
bilde frå julefesten.
1. til og med 7. klasse øver kvart år inn eit program som dei viser
for foreldre og slekt før skulen tek juleferie.
...22.12.09 kkhz
Ny tilråding om sjukefråvær ved infuensa
Tilrådinga om å halde seg heime i 7 dagar
ved influensa er no endra. For elevar og tilsette i
barnehage og skule er det tilstrekkeleg å halde seg heime i
24 timar etter at ein er feberfri og elles føler seg frisk.
Les meir om dette på
pandemi.no
...27.11.09 mk

"Tidt
eg minnest ein gammal gard"
I samband med Kulturminneåret 2009 var
elevane på mellomsteget, onsdag 18. nov., på busstur rundt
om i bygdene våre. Dei lærte ein del om stadnamn og gamle
gardar. Vi var veldig heldige og fekk høyre på folk som
fortalde om dei gamle skulekrinsane og fekk høyre om lokale
namn og hendingar. Fredag 20. hadde vi hyggeleg besøk på
skulen, av Jens Lingaas, Turid Aspehjell og Mons Heggen. I veke 48 skal
elevane jobbe med det dei har høyrt, sett og lært - for så
onsdag 25. (etter skuletid) å invitere til open skule
der dei viser fram arbeid om dette. Fleire bilete
HER.
...20.11.09 kkhz
Ein nydeleg dag på Murigrandane
Ein skuledag ute ved sjøen
kan vere både lærerik, sosial og triveleg. Berre sjå
her!
29.10.09 togr
Refleksmarsj

Torsdag 22. oktober arrangerte
småskulen sin årlege refleksmarsj. Denne kvelden har vi fokus på
bruken av refleks, og kombinerer dette med underhaldning, kafé og
innsamling til fadderbarna våre i Etiopia og på Sri Lanka. Foreldre
og besteforeldre møtte fram i hopetal, og elevane fekk gode
tilbakemeldingar for god innsats på scena og for matsalet. Vi takkar
alle som var med på å gi pengar denne kvelden! Her kan du sjå nokre
bilete frå kvelden.
29.10.09 togr
"Hula"
I desse dagar
prøver elevane i 7. klasse å øve inn den kjende huladansen
frå Hawaii. Hoftevrikking og uvante rytmar er ei utfordring
som elevane tek på strak arm.
HER kan du sjå fleire
bilete.
21.10.09 kkhz
Skuleombygging
Heile dette skuleåret vil delar av skulen vår vere under
ombygging. Her er nokre
bilete som fortel litt om kor langt arbeidet er kome. 16.10.09 tej..
Nytt
elevråd i
ungdomsskulen er i gang.
29.09.09.tej...
Fisk
på timeplanen
5. kl hadde dissikering av fisk på planen. Vi hadde alliert oss med
ein far som fiska for oss. Inni buken såg vi på innmaten, vi tok
også ut linsa. Timen var spanande for nokre, og ikkje fullt så
spanande for andre.
..17.09.09 kkhz
Mellomsteget på tur til Berdalssetra
Her kan du lese om turen og sjå bilete.
..16.09.09 kkhz
Paneldebatt
I høve Stortingsvalet måndag 14. sept., har elevane i 7.
klasse siste veka budd seg til paneldebatt. Dei har sett seg inn i
kva dei ulike politiske partia står for og tatt "rollene" til dei
mest kjende partileiarane. I dag, fredag, vart dei så stilte
spørsmål og "grilla" om sine meiningar og hjartesaker. 5. og 6.
klassingane var ivrige tilhøyrar og stilte relevante spørsmål til
panelet. Kjempeflinke elevar! Sjå fleire
bilete.
..11.09.09 kkhz
Vikingdag
Fredag 4. sept hadde 6. klasse besøk av to barske vikingar,
i samarbeid med Friluftsrådet for Ålesund og Omland. Dei tok
oss med tilbake til vikingtida og spora etter Olav den
Heilage. Vi lærte om våpen og klede. Det var veldig tungt å
springe med hjelm, sverd og brynje. Brynja vog 19 kg! Alle fekk prøve å skyte med pil og boge,
vi hadde leik og kappestrid og så kokte vi suppe over bålet.
Det var ein kjempekjekk dag!
HER er fleire bilete
du kan sjå på.
...04.09.09 kkhz
Internettsider omsett til eige språk
Internettstaden Google har starta ei teneste som gjer at internettsider
på mange språk kan omsettast til ditt eige språk raskt og enkelt.
Nedanfor finn du linkar som viser korleis våre eigne internettsider
kan omsetjast. Sjølv om sidene blir omsette frå nynorsk, ser dette
ut til å funger så bra at det er mulig å forstå det meste av
innhaldet ut frå den omsette teksten.
...27.08.09 mk
[Engelsk]
[Polsk]
[Nederlandsk]
[Tysk]
[Arabisk]
Oppstart skuleåret 2009/2010
Fredag 14. august startar vi på att med 1. studiedag.
Det vert også studiedagar måndag 17. og tysdag 18.
Onsdag 19. august er første skuledag for dei fleste elevane.
HER finn de nærare oversikt over dei enkelte klassane. Velkomne til
alle, men særleg
velkomne er 1. klassingane og andre nye. Skuleruta finn de elles
ved å trykke på link til venstre på denne sida.
..10.08.09kkhz
Offisiell opning
Fredag 19. juni var det opning av
ballbingen ved Valldal skule. Arrangementet vart flott leia av to
10. klassingar; Per Gunnar og Anne Kristin. Vi hadde også besøk av
sponsorane våre; Sparebanken Møre v/Linda Myren og Norddal kommune
v/varaordførar Viktor Valdal. Sunnmøre fotballkrets stilte v/Bjørn
Oskar Haukeberg og hadde med seg ei flott gåve; 10 nye fotballar.
Sist, men ikkje minst hadde vi 2 Aafk-spelarar på besøk; Johan
Arneng og Sten Grytebust. Ved sidan av talar og høgtideleg opning
var det program v/elevane, fotballkamp, straffekonkurranse og sal av
kaker og kaffi. På biletet ser De 2 heldige og nøgde vinnarar av
Aafk-skjorter. Andre
BILDER frå dagen.
..22.06.09kkhz
Skulerute 2009/-10
Sjå link til venstre i margen.
..11.06.09kkhz
"Bygg
og bu" på mellomsteget
Her
kan lese meir og sjå fleire bilete frå husprosjektet til
mellomsteget.
..08.06.09kkhz
Litt fram mot skuleslutt
Fredag 12. juni vert det
idrettsdag i Eidsdal, 5.-10. klasse. Onsdag 17. juni
avslutningsfest for 10. klasse, fredag 19. juni offisiell
opning av bygda si nye "stoltheit"; ballbingen. Tysdag 23.
juni er siste ordinære skuledag.
..07.06.09kkhz
Til Polen og Tyskland med buss.jpg)
10. klasse har vore på skuletur til Tyskland/Polen. Til saman var
vi 41 foreldre, besteforeldre, lærarar og elevar som var på tur frå
20. til 27. april. Blant anna fekk vi oppleve Color Fantasy,
Auschwitz/Birkenau, saltgruvene utanfor Krakow, guiding i Krakow og
Berlin, shopping, Stasifengselet i Berlin, Hard rock cafè i Berlin
og ikkje minst eit fantastisk ver. Mange sit nok igjen med mange
flotte og sterke minner/inntrykk. Tusen takk til alle saman som var
med på å gjere denne turen til det den vart - SUPER!
Bilete kan du sjå
her,
her,
her og
her.
..29.05.09tej
Velkomen til innskriving
Torsdag 2. april, 10.00
til 12.00, er det innskriving av nye
1. klassingar for skuleåret 2009/2010 på Valldal
skule.
...31.03.09kkhz
"Snurr film" - kabaret 2009
Fredag 3. april ser vi atter
ein gong fram til kabaret i regi av ungdomsskuleelevane på
skulen vår.
Her kan du lese
litt meir om tid og stad for framsyninga.
...30.03.09kkhz
Her kan
du sjå bilde og filmklipp frå førestellinga
...14.04.09mk
Påskestengt sfo 
Grunna lite søknad vert sfo
stengt frå og med måndag 6. april til og med måndag 13.
april.
...17.03.09kkhz
Animasjonsverkstad
5.-9. mars hadde alle 4. klassingane i Norddal kommune animasjonsverkstad. dette er eit tilbod for dei minste i
Fylket sitt Kulturlaug. Går du inn
her, kan du sjå bilete
og lese litt meir om kva elevane gjorde desse dagane.
...12.03.09togr

Utanfor
klasserommet
Onsdag 4. februar var 6. klasse ute på natursti. For tida
arbeider klassen med forureining i samfunnsfag og vi hadde
ein fin-fin dag i Moa der vi svarte på spørsmål frå
Miljøagentane. Elevane kosa seg ute i det fine vårveret
samstundes som dei lærte om fjellreven, regnskogen og global
oppvarming.
...05.03.09 kkhz
Dokketeater på timeplanen
Går du
inn her vil du kunne lese meir
og sjå bilete frå prosjekt dokketeater på mellomsteget.
.19.02.09 kkhz
Skuledagar - 2009/2010
Neste skuleår vil klassane ha same
skuledagane som i år, sjå skulerute
for i år. Ny skulerute, 2009/2010, vert lagt ut så snart den er vedtatt -
framlegget finn De
her.
Kva onsdagar klassane på mellomsteget skal gå, er pr. i dag ikkje
klart. Ver merksam på at det kan kome endringar, frå sentralt hald
om auke i timetalet. Dette kan igjen føre til utvida skuleveke.
19.02.09.kkhz
Snøleik
Ivrige elevar laga flotte snømenn - måndag 16. februar.
Her kan du trykke for å sjå
fleire bilete.
17.02.09.kkhz
UKM - Ungdommens kulturmønstring
Du kan også sjå og lese frå Sunnmørsposten sine nettsider,
link til smp.no.
16.02.09.kkhz
Kjekt
og lærerikt besøk
På mellomsteget har vi denne veka jobba ein del med viktige
hjelparar i samfunnet. I
høve det hadde vi besøk av ambulansepersonell
tysdag og politiet
i dag, torsdag. Her
kan du lese meir og sjå litt fleire bilete.
12.02.09.kkhz
Aking
og kos ute
I går,
berre måtte vi i 5.
klasse ut for å prøve den fine snøen.
Aketilhøve frå Olavstøtta var kjempefine og elevane kosa
seg i det fine veret.
Klikkar du her vil du finne
fleire fine bilete.
12.02.09.kkhz
Skidag og temadag om samane
Elevane i småskulen har no vore på skidag, og dei har hatt ein
felles temadag med samar som tema.
Her kan du sjå litt bilete frå desse to dagane.
Sfo-plass 
2009/2010
Søknadsskjema for neste skuleår ligg no på sfo sine heimesider. Søknadsfrist er 1. mars.
27.01.09.kkhz
Klokka tolv, kjem eit troll ....
3. klasse har hatt troll som tema siste vekene. Dei har mellom anna
laga eventyrbok, og her kan du
sjå nokre av trolla dei laga i formingstimane.
Hockey i salen
Det vart
juleturnering
i landhockey også i 2008.
20.12.08.tej
Stivpynta ungdommar på ball.jpg)
Trykk
her for å få vite meir om Juleball 2008
14.12.08.tej
Førjulstid
Så er 1. desember her igjen og
aktivitetar av mange slag er i gong på skulen. Førjulstida er som
alltid ei travel og spennande tid med halvdagsprøver på
ungdomsskulen, øving til julefest på barneskulen og andre
tilhøyrande juleaktivitetar. Nokre viktige datoar å merke seg er
fredag 12. des - juleball, ungdomssteget og torsdag 18. des -
julefest 1.-7. klasse. Invitasjon til julefesten finn De
her.
... 01.12.08 khz
Leselystaksjonen 2008
Elevane i 1.-7. klasse har også i år vore med på Leselystaksjonen,
aksjonen set fokus på leselyst hjå barn og unge. Fredag 28. november hadde
elevane på småskulesteget ei samling for å avslutte leseaksjonen, og
for å gjere litt stas på alle dei
flinke lesarane. ..01.12.08
togr
Installasjon av FirstClass
Om du treng å installere ny versjon av FirstClass som er skulen sin
læringsplattform, finn du meir om korleis du går fram under
denne linken. Alle som har elevar ved skulen vår, kan få tilgong
til læringsplattformen. Ta kontakt om du ikkje har fått tildelt
brukarnamn og passord.
...13.11.08 mk
Kulturdag
Tysdag 28. oktober vart det
arrangert kulturdag på begge sider av fjorden. Her på Valldal skule
møttest elevar frå 5. -7. klasse. Meir om dette finn du ved å gå inn
HER.
Ungdomsskuleelevane var på andre sida av fjorden.
HER kan du sjå bilete frå
deira dag.
..30.10.08 kkhz
Mykje godt av eple
4. klasse har vore på Linge og plukka eple. No har dei vore på
kjøkkenet og laga eplekake og eplegodt. Nesten alle elevane syntest
at det var veldig godt, nokre har også baka eplekake heime.
Her kan du sjå fleire bilete
av ivrige bakarar.
.
.16.10.08 togr
Poteter og leik
Onsdag 2. oktober var 1. klasse på besøk framme på Valldalen.
I
løpet av dagen blei det mykje leik,
men ungane fekk også plukke
poteter i åkeren til Hegelin og Audun. Det var mange ivrige hender
som plukka, og alle fekk med seg poteter heim.
Her kan du lese litt
meir om denne dagen.
..02.10.08 togr
Kunstutstilling
3. klasse har hatt eit prosjekt der dei har arbeidd med temaet
Sommarfugl. Her kan du lese
meir om prosjektet og sjå bilete av arbeida.
..02.10.08 togr
Elevundersøkinga 2008
Resultata viser at vi er på rett veg. Her finn du
resultata frå siste undersøking, som vart gjennomført i 5. -10.
klasse våren 2008.
...30.09.08 kkhz
Tur til Linge
Onsdag 17. september var 1. og 2. klasse på tur til Linge. Målet var
maisåkeren til Signe Brenna, men vi rakk også å gjere mykje anna
spennande undervegs. Du kan lese meir om turen og sjå bilete
her.
...18.09.08 togr
Ut i villmarka med 9. klasse
9. klasse var på telttur ved Kulehytta måndag 8. -onsdag
10. september. Vi hadde ein flott tur med fint vèr(litt kald vind
innimellom)
Av aktivitetar kan vi nemne: vardebygging, flytting av steinur,
klatring på steinar og i ura, tur oppå Kulehøgda med litt
jungelvandring, bålbrenning, grilling, quiz, blåbæreting, fisking,
boksen går, koking av mat, teltkos.
Her
kan du sjå nokre bilete.
...12.09.08 tej
Grindløe igjen
Les meir
her
...12.09.08 tej
Betre
vurderings-praksis
er eit
landsomfattande prosjekt der skulen vår deltek.
Les meir om prosjektet og
samlinga 4. sept. på Gardemoen.
....07.09.08 mk
Nasjonal kampanje mot hovudlus
Denne helga oppfordrar vi alle til å delta i den nasjonale
kampanjen mot hovudlus. Når alle deltar, er det mindre
sjanse for å bli smitta på ny frå andre som ikkje har
delteke og vore gjennom ein "lusesjekk". Alle heimar har
fått orientering gjennom ranselpost denne veka. Vil du vite
meir om kampanjen eller treng råd og rettleiing, vil vi
tilrå at du brukar sidene til organisasjonen "Lusfri Norge".
Du finn dei på denne linken:
http://www.lusfrinorge.no
....29.08.08 mk
"Kraftbesøk" på TK
.jpg)
"Tafjord" stilte med både buss og guidar fredag 6.juni.
Målet var nok å lokke 9. klassingar til å vurdere ei
utdanning i deira retning. Så får vi sjå om dei lykkast...
Les meir.
...09.06.08tej
"Open dag"
Fredag 6. juni var det "open dag" på
mellomsteget. Elevane viste ivrig fram fleire ting dei har gjort og lært dette
skuleåret. Foreldre, besteforeldre, søsken og andre møtte
flittig fram.
Dei fekk også prøve ulike ting som elevane gjer i
skulekvardagen sin, elevane instruerte på ein god måte. 6.
klasse stod for sal av kaffi/saft, rullekake og grove
pizzahorn som dei sjølve hadde laga.
Link til bilete frå
dagen.
...06.06.08 kkhz
Klassefest
Onsdag 4.juni hadde 3.
klasse fest for foreldre og søsken. Mange hadde møtt fram i det fine
veret, og det såg ut som om dei likte seg godt.
Sjå meir om festen
her
...05.06.08 kkhz
...26.05.08 kkhz
Arbeidsveke
9. klassingane er denne veka (veke 21) ute og testar
yrkeslivet. For å lese meir om dette kan du trykke
her
....22.05.08 tej
...08.05.08 tej
Utedag i 4. klasse
Her kan du
lese meir om utedagen. Turen gjekk til Brekkesletta på
Døving og tema for for dagen var "Steinalderen."
...29.05.08 kkhz
Skuleruta 2008/2009
Vedtatt i Driftsutvalet 23.04.08.
HER finn du den saman med
oversikt over klassane sine skuledagar komande skuleår.
...21.05.08 kkhz
Mat og tradisjon
Flatbrødbaking og brennsnut i
tradisjonsmatveka.
...19.05.08 tej
8. klasse på Bjørnsund leirskule
8. klasse var i veke 20 på leirskule på Bjørnsund. Du kan
lese meir om dette på
ungdomssteget sine sider.
19.05.08 pjn
"Hopp for
hjertet"
For å stimulere barn til fysisk aktivitet arrangerer
Nasjonalforeningen for folkehelsen for tida ein
hoppetaukonkurranse. Konkurransen
er for skolebarn i 4. - 7. klasse, og varer frå 14. til 25.
april. Elevane får poeng kvar gang dei hoppar tau i
friminutt, pausar eller i delar av ein undervisningstime.
HER
kan du lese meir om dagen og sjå bilete.
...21.04.08kkhz
Bygging av grindløe
8. og 9.klasse var torsdag så heldige å få vere med på å
røyse ei grindløe. Norvald Øye og Heidi Sletten frå Sunnmøre
Museum losa elevane trygt gjennom prosessen. Det overraska
nok mange at alt ein treng av utstyr for å byggje ei slik
løe er øks og "navar".
Bilete
frå dagen.
...17.04.08tej
Skidag
Torsdag var 5.-10. klasse på skidag på Overøye i Stordal.
Vi vakna til overskya vèr og nysnø.Seinare på dagen skein sola gjennom, og for fleire vart
det litt rikeleg med sol... Både små og store storkosa seg i dei
varierte løypene.
Her
finn du litt bilete frå dagen.
Vil du sjå flotte hopp? klikk på linkane......
Video 1.
Video 2.
Video 3.
Video 4.
...11.04.08tej
"Oss syng
oss over sjø og land"
Dette var tittelen på årets
ungdomsskulekabary som kunne opplevast fredag og laurdag før påske.
Gjennom 22 songar og nokre flotte dansenummer "besøkte" vi ulike
delar av verda. Også i år verka det som publikum kosa seg.
Her
kan du sjå nokre bilete både frå årets kabary og øvingane.
Her er fleire bilete. Prøv også desse filmsnuttane:
Film 1.
Film 2.
Film 3.
Film 4.
Film 5.
Film
6.
...03.04.08
tej
|